Trygt og lokalt.

IMG_3681+%283%29.jpg

Gjer det enkelt!

Sogndal-minilager.no blir drifta av Madeleine B. Kvam, saman med drengen Geir Arne Kvam

Idéen til Sogndal-minilager.no tok form i 2018, då me etablerte ei ny driftsbygning for dyrehald i eit nytt område på garden. Attende stod me med ei bygning med stort bruksareal, men som ikkje lenger passa inn i driftsopplegget vårt. Difor søkte me om bruksendring, og delar av bygget vart gjorde om til boder og lager – med moglegheit for vidare utviding etter behov.

I desember 2023 tok me endå eit steg vidare og opna ei eiga avdeling i Sogndal sentrum. Dette gjorde me fordi me såg eit tydeleg behov for ei sentrumsnær lagringsløysing – særleg for næringsdrivande og studentar som står mellom bustadar.

Sogndal-minilager.no ønskjer å tilby ei enkel, trygg og rimeleg lagringsløysing – både for korttids- og langtidsleige, for privatpersonar så vel som bedrifter. Me legg vekt på fleksibilitet og god standard, og det er viktig for oss at leigetakarane våre trivst og kjenner seg trygge.

Me set stor pris på tilbakemeldingar – både ris og ros – slik at me kan bli endå betre.

Me gir gass framover, og det vil skje spennande ting! Følg oss gjerne på Facebook for oppdateringar og nyheiter.

Vennleg helsing
Madeleine & Geir Arne